Fylkeskulturprisen 2018 går til Smøla Janitsjarorkester

(Illustrasjonsfoto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
(Illustrasjonsfoto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok samrøystes å gje fylkeskulturprisen for 2018 til Smøla Janitsjarorkester. Prisen blir delt ut under opninga av fylkestinget i Molde, 10. desember.

Fylkeskulturprisen for 2018 går til Smøla Janitsjarorkester, ein kulturell drivkraft i ein liten kommune.

Orkesteret vart stifta i mars 1981, og er i dag eit av Møre og Romsdal sine fremste janitsjarorkester. Dei bygger bevist nordmørsk identitet og samhald, og rekrutterer nye medlemmer heile tida.

Kulturbærar

Smøla Janitsjarorkester kan vise både til eit sterkt lokalt og regionalt engasjement. Dei er ein viktig kulturbærar for regionen. Dei  markerer seg kvart år under arrangementet «Smølabonan» i Kristiansund. Då sett Smøla sitt preg på heile Kristiansund, og orkesteret toppar arrangementet med konsert i Braathallen. Her engasjerer dei artistar frå heile nordmøre og artistar med nordmørske røter.

- Det er gledeleg å kunne gratulere Smøla Janitsjarorkester med fylkeskulturprisen, spesielt sidan 2018 er korpsrøyrsla sitt år, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Tildelinga er også ein stor honnør til korpsa i Møre og Romsdal, då desse samla sett legg ned ein stor innsats gjennom heile året. Gjennom si verksemd fremmar dei tilhøyrsle, stoltheit og identitet i lokalsamfunna våre, avsluttar Krogsæter.

 

Kontaktperson Smøla Janitsjarorkester: Styreleiar Ingar Iversen, mob 918 11 445

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.