Åtte kunstnarar i fylket får stipend

Jorunn Marie Kvernberg er ein av åtte stipendmottakarar og får eit stipend på 80 000 kroner.  Foto: Marius Beck Dahle
Jorunn Marie Kvernberg er ein av åtte stipendmottakarar og får eit stipend på 80 000 kroner. Foto: Marius Beck Dahle
Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele kunstnarstipend for 2018 til åtte kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner. Stipenda skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke.

 

 

-Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Ho er glad for at arbeidsstipendet på 200 000 kroner er blitt ein del av dei nye statuttane. Dette gir kunstnarar større økonomisk handlingsrom og ro til å utvikle kunsten sin.  

Det er tredje året Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut arbeidsstipend i tillegg til ordinære kunstnarstipend. Ved søknadsfristens utløp var det 46 søkarar. Dei åtte kunstnarane som har fått tildelt stipend for 2018 er:

Arbeidsstipend:

Ane Vik Eines (35), Mjosundet – 200 000 kroner

Visuelle kunstartar:

Ine Harrang (58), Molde – 50 000 kroner

Jon Arne Mogstad, Surnadal – 50 000 kroner

Litteratur:

Joakim Hunnes, Ålesund – 80 000 kroner

Åshild Moldskred, Måndalen – 30 000 kroner

 

Musikk:

Jorunn Marie Kvernberg (38), Volda – 80 000 kroner

Øyvind Weiset (25), Halsa – 30 000 kroner

 

Film:

Jan Otto Ertesvåg (49), Ålesund – 80 000 kroner

 

Trondheim kunstmuseum, Norsk forfattersentrum Midt-Norge, Vestnorsk filmsenter og Scenekunstbruket har vore sentrale samarbeidspartar for fylkeskommunen i vurderinga av søknadane.

 

46 søkte om stipend

Kunstnarstipendet til Møre og Romsdal fylkeskommune har vore utlyst med søknadsfrist 31. januar 2018. Då fristen gjekk ut, var det til saman 30 søkarar innan visuell kunst, åtte søkarar innan musikk, fire søkarar innan litteratur, to søkarar innan scenekunst og to søkarar innan film, 46 søkarar totalt. 

I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgjande i vurderinga: 
                         Kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet
                         Kunstnarisk utvikling
                         Kunstnarisk nyskaping

Det er også eit viktig kriterium at Kunstnarstipendet i størst mogleg grad kjem kunstnarar innan alle kunstsjangrar til gode. 

Stipenda blir delt ut under Fylkeskulturkonferansen i Kristiansund 25. april.

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.