Har du eit julehefte-minne?

Joletre. Foto: Ivar Aasen-tunet
Søndag 26. november er det igjen duka for julehefte-utstilling i Aasen-tunet. – Vi er på jakt etter dei gode minna folk har frå slike julehefte. Har du eit slikt minne, så send det inn til oss! Det seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes, som kan freiste med premiar og plass i utstillinga til tre utvalde historier.

– Dei tre bidraga vi vel ut til bruk i utstillinga blir premiert med eit eksemplar av årets Juleroser, seier Aanes.

Ønskjer du å fortelje om eit julehefte-minne, kan du fylle ut eit skjema på Aasentunet.no.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser. Kråkevik er aktuell med arrangement i Aasen-tunet same dagen som utstillinga opnar.

Utstillinga, som har blitt bygt ut gradvis år for år, framstår no som ei fullverdig temautstilling. 

– Vi hadde lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. SmørbukkVangsgutaneTuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng.

For meir informasjon:

Dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes, tlf. 700 47 580, anders.aanes@aasentunet.no

Dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 700 47 578, gaute.overeng@aasentunet.no

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.