Skeiv lyrikk i Ørsta og Grand Prix-fest i Volda

allkunne.
allkunne.
Det nynorske oppslagsverket Allkunne presenterer skeiv nynorsk litteraturhistorie i Aasen-tunet, og inviterer til Melodi Grand Prix-fest på studenthuset Rokken. – Under Bygdepride bidreg vi både med kunnskap om tidleg skeiv litteratur på nynorsk og gir publikum artige og harde fakta om språk, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne. Det digitale oppslagsverket har kontor i Aasen-tunet.

Fredag 11. mai inviterer Allkunne til lunsj og lyrikk i Aasen-tunet. Arrangementet er gratis, og kafeen er open. Redaktøren i Allkunne vil presentere diktaren Åsmund Sveen, og lese fleire dikt av han. – Allereie på 1930-talet kom det med dikt med tydeleg homoerotisk innhald på nynorsk. Åsmund Sveen fekk velfortent ros for godt komponerte dikt og modig innhald av fleire meldararar, seier Sandsmark, som vil fortelje meir under arrangementet.

– Det er interessant at i den nynorske litteraturhistoria er ikkje Sveen aleine om å vere tidleg ute med skeiv tematikk på nynorsk. Det Norske Samlaget gav på 1970- og 1980-talet ut fleire dokumentarbøker om homorørsla i Noreg. På 2000-talet er det det forlaget i Noreg som har gitt ut flest barnebøker der forelsking, kjærleik og familieliv mellom to av same kjøn er normalisert, seier Sandsmark vidare.

Laurdag 12. mai er den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix. 43 songar på 13 ulike språk konkurrerer den veka om å vinne heider og ære i det aller største kulturarrangementet i verda. Allkunne inviterer saman med Bygdepride og Rokken til Grand Prix-fest. Timen før arrangementet startar kan publikum få sjå att nokre av dei beste, raraste og artigaste innslaga frå Eurovision Song Contest-historia.

I tillegg til redaktøren i Allkunne deltek tidlegare leiar i Norsk Målungdom Synnøve Marie Sætre og direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i panelet. Grepstad har gjennom det store dokumentasjonsprosjektet Språkfakta ført statistikk om språkbruk i Melodi Grand Prix frå byrjinga til i dag.

 

For meir informasjon:

Redaktør Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark, mobil 908 12 196


Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.