Kristian W. Rantala skal leie Vinje-senteret

Kristian W. Rantala. Fotograf: Kari R. Bø
Kristian W. Rantala. Fotograf: Kari R. Bø
Kristian W. Rantala (35) frå Bø i Telemark er tilsett som dagleg leiar ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk. – Eg er svært takksam for den tilliten Nynorsk kultursentrum har gitt meg. Eg frydar meg over det spennande materialet og det gode Kristian Kristian W. Rantala (35) frå Bø i Telemark er tilsett som dagleg leiar ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk. – Eg er svært takksam for den tilliten Nynorsk kultursentrum har gitt meg. Eg frydar meg over det spennande materialet og det gode planverket som ligg til grunn for Vinje-senteret, og eg gler meg til å komme i gang, seier Rantala. Han arbeider no som arrangements- og marknadssjef ved Gullbring Kulturanlegg i Bø og tek til i stillinga like over nyttår. – Vi tok den tida vi trong og fann den rette. Rantala blir ein fin kollega for dei andre medarbeidarane og skal få godt høve til å setje seg inn i det som alt er tenkt og gjort, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Over 30 personar har vore kontakta og/eller vurderte, etter kvart i samarbeid med Hodejegerne i Oslo

Solid leiar-erfaring

Kristian W. Rantala har bachelor i kulturformidling frå Høgskolen i Telemark 2010 og tok i 2015 til på masterstudiet i kulturstudium same staden. Han har nyleg gjennomført det prestisjetunge Dannelsesprogrammet i regi av Sparebankstiftelsen DNB.

Rantala har vore produsent for Det Norske Kammerorkster og Oslo Solistkor, og han var dagleg leiar for festivalen Viser ved kanalen 2011–2012. På lista over verv står mellom anna styreleiar ved Kroa i Bø 2009–2011 og nestleiar i Telemarkfestivalen frå 2013. Rantala har også vore lagførar i Heimevernet frå 2009.

 

Fast tilsett nr. 20

Med Rantala har Nynorsk kultursentrum no 20 fast tilsette medarbeidarar i Ørsta, Ulvik og Vinje. Store oppgåver ventar på den nytilsette, lovar Grepstad. – Om eit år skal utstillingsplanen for Vinje-senteret vere klar, eit kulturprogram for 2018 skal planleggast, og arbeidet med program for Litteraturdagane i Vinje august 2018 tek snart til.

Nynorsk kultursentrum arbeider med finansiering av både investeringar og drift. – Vi vonar løyvingar frå stat, fylke og kommune blir slik i 2018 at opptrappinga av Vinje-senteret kan halde fram. Vinje-senteret skal ha tre medarbeidarar til, seier Grepstad.

– No får Vinje kommune fleire innbyggarar, og det er ein viktig verknad av det å satse på kulturinstitusjonar av typen Vinje-senteret, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.