Innspelsmøte - ny kulturmelding

Kulturminister Linda Hofstad Helleland.  Opninga av Oppstartskonferansen for kulturmeldingsarbeidet 3. mai 2017. Foto: Kulturdepartementet.
Kulturminister Linda Hofstad Helleland. Opninga av Oppstartskonferansen for kulturmeldingsarbeidet 3. mai 2017. Foto: Kulturdepartementet.
Samarbeidspartnere: Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturdepartementet, Kristiansund kommune. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny kulturmelding. Meldinga skal danne grunnlaget for ein overordna politisk debatt om kulturpolitiske utfordringar i åra som kjem.
Meir informasjon om arbeidet finn du på regjeringa sine sider HER.

Arbeidet med meldinga skal famne heile breidda i kulturdepartementets ansvarsområde og skal sjå på kulturpolitiske konsekvensar av til dømes teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar, samfunnsøkonomiske realiteter og nye forvaltingsstrukturar.

Som ein del av arbeidet med den nye kulturmeldinga, arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune regionalt innspelsmøte den 26.oktober i Kristiansund. 

Innspelsmøte blir arrangert i samarbeid med Kulturdepartementet og Kristiansund kommune.

Målgruppa for innspelsmøte er kulturinstitusjonar, kulturorganisasjonar og kommunar i Møre og Romsdal. 

 

Program                                                                           
10.00 Velkommen
Kort innleiing ved Kulturdepartementet
10.15 3-minutts innspel etter liste
11.30 Debatt
12.00 Lunsj
Kulturelt innslag med Møremusikarane
Utdeling av kunstnarstipend 2017
13.15 3-minutts innspel etter liste
14.00 Møteslutt

Torsdag 26. oktober 10:00 - Torsdag 26. oktober 14:00

Festiviteten, Kristiansund

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.