Jon Georg Dale opnar Dei nynorske festspela

Jon Georg Dale. Fotograf: Torbjørn Tandberg.
Jon Georg Dale. Fotograf: Torbjørn Tandberg.
Statsråd Jon Georg Dale opnar Dei nynorske festspela i år. – Han er ein tydeleg nynorskbrukar i regjeringa Solberg og eit av dei største partia i landet. Difor passa det godt å invitere han, og vi trong ikkje akkurat å overtale han, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Festspela opnar torsdag 29. juni i Ørsta.

 

Frå første dag som mat- og landbruksminister sette Dale ein språkleg standard for bruk av nynorsk i departementet. Nettopp Mat- og landbruksdepartementet har over tid vore blant dei betre i bruk av nynorsk, seier Øvereng. Han veit det har gjort inntrykk på mange at Dale har vore så tydeleg i si sak.

Dei nynorske festspela er 25 år i år, og blant dei mange opningstalarane er Jon Georg Dale den sjuande statsråden som har fått denne æra. 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.