Oljeselskapet som sende Ivar Aasen verda rundt

Torgeir Anda. pressefoto. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Torgeir Anda. pressefoto. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Meir enn 5000 menneske i fleire land har vore med og gjort oljeproduksjonen på Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen mogleg. Undervegs blei dei godt kjende med historia bak namnet Ivar Aasen. No har tidlegare kommunikasjonsdirektør Torgeir Anda i Det norske oljeselskap skrive boka «Vi løftet sammen» om utbygginga. Onsdag kjem han til Aasen-tunet og fortel ei engasjerande historie om næringsliv, nasjonsbygging og kultur langt utanom det vanlege.

 

Oljeproduksjonen kom i gang julaftan 2016. Aker BP ASA, før Det norske oljeselskap, er operatør for Ivar Aasen-feltet. I Språkåret 2013 gjorde selskapet ein femårig samarbeidsavtale med Nynorsk kultursentrum. Den avtalen har selskapet brukt aktivt, og typisk nok er Ivar Aasen-boksaren frå Aasen-tunet til sals ute på plattforma.

– Knapt noka næring i Noreg er meir politisk regulert og styrt enn oljebransjen. Den avtalen vi gjorde, viste seg å vere god for både oss og selskapet. Gjennom dette prosjektet har mange tusen menneske kome tett på historia om Ivar Aasen, så tett at nokre medarbeidarar i prosjektet jamvel har trudd at det var han som grunnla Det norske oljeselskap, seier Grepstad.       

Torgeir Anda har vore ein profilert mediemann i ei rekkje aviser frå Dagbladet via Nidaros og Sør-Trøndelag til Dagens Næringsliv, og var kommunikasjonsdirektør i Det norske oljeselskap 2008–2014. Anda har skrive fleire bøker og driv no firmaet Anda kommunikasjon. No som før er han også ein profilert Venstre-politikar.

Det var i 2008 at det blei funne olje 175 km vest for Karmøy. Feltet fekk namnet Ivar Aasen-feltet i desember 2012. Utbygginga har vore den største i regi av eit norsk selskap utanom Statoil på mange år. Investeringane er kostnadsrekna til 27,5 milliardar kroner. Feltet inneheld truleg 190 millionar tonn oljeekvivalentar, og produksjonen kan kome til å vare i 20 år. 

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.