165 år litteraturhistorie tilgjengeleg på nett

Nynorsk litteraturhistorie. Foto: Samlaget/Allkunne.
Nynorsk litteraturhistorie. Foto: Samlaget/Allkunne.
I vår gav Jan Inge Sørbø og Det Norske Samlaget ut den første nynorske litteraturhistoria i bokform. Frå 23. august er forteljinga om den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015 fritt tilgjengeleg for alle på Allkunne.no.

Publiseringa er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, som driv det digitale oppslagsverket Allkunne.no, Det Norske Samlaget og forfattaren Jan Inge Sørbø. På nettstaden blir utdrag frå boka til Sørbø publisert, saman med nyskrivne artiklar om ulike forfattar skrivne av om lag 100 ulike artikkelforfattarar.

Vi har ønska å feire 150-årsjubileet vårt ved å løfte fram den nynorske litteraturen og lesarane. Derfor har vi ønska å gi det norske folket gratis tilgang til ei forkorta digital utgåve av den nynorske litteraturhistoria. Her får lesarane lære om historia, og bli inspirerte til meir lesing av den mangfaldige nynorske litteraturen, seier direktør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget.

8 periodeartiklar, 12 kvissar, 900 biografiar

Den digitale utgåva består av åtte illustrerte periodeartiklar, eit samandrag og tilhøyrande kvissar. I tillegg kjem om lag 900 oppdaterte artiklar om diktarar som har publisert på nynorsk eller dialekt. Prosjektet har blitt mogleg gjennom løyvingar frå Fritt Ord, Kulturdepartementet og Sparebanken Vest.

Allkunne er stolte av å gjere viktig kulturhistorie tilgjengeleg for eit stort publikum. Artikkelforfattarane våre har skrive artiklar om diktarar som fortener større merksemd. Gjennom kvissar, tidslinjer, tekstutdrag og kulturhistoriske bilete presenterer vi litteraturhistoria og diktarane på nytt til fleire lesarar, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne.

Opnar i Telemark

Eg er glad for at eg får opne ei skattkiste fylt av norsk litteratur, historie og tenking, seier forfattar Marit Kaldhol frå Ålesund, som skal klippe snora på opninga av nettstaden på Bø vidaregåande skule. Nettstaden blir lansert på dei vidaregåande skulane i Bø og Dalen, som ein forsmak på Litteraturdagane i Vinje denne helga.

Forfattarane som er presenterte på Allkunne.no er frå alle 18 fylka, og dei syner at den nynorske litteraturen har røyster frå heile landet. Dei har skrive essay, dikt, drama, biletbøker, viser, romanar, noveller og forteljingar. No blir dei presenterte på nett, og tilgjengelege for nye generasjonar.

 

For meir informasjon:

Redaktør Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark, mobil 908 12 196

Direktør Det Norske Samlaget Edmund Austigard, mobil 482 01 320

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.