Noreg rundt med Ivar Aasen

Ivar Aasens reiser. Illustrasjon: Ivar Aasen-tunet.
Ivar Aasens reiser. Illustrasjon: Ivar Aasen-tunet.
Fredag 29. september er det 175 år sidan Ivar Aasen la ut frå Ekset på si lange oppdagingsreise i det norske språket. – Vi har funne fram fleire godbitar frå Aasen sine reisedagbøker og brev, og løftar dei fram på nettstaden og i eit eige reisearrangement søndag 1. oktober, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

På dagen 175 år etter kjem det første glimtet frå Aasen si reiseverksemd, og dette markerer startpunktet på ein rundtur over nesten heile landet. – Aasen var innom grender, tettstadar og byar, gjennom dalføre, og over vatn og vidder på leiting etter det norske språket. Det einaste av dagens fylke han ikkje vitja var Finnmark. Elles er det ei imponerande reiserute han kunne vise til, særleg med tanke på den tidas vegar og framkomstmiddel, seier Øvereng. 

Søndag 1. oktober blir reisene til Aasen tema for eit eige arrangement i Aasen-tunet. Skodespelar og scenekunstnar Line Starheimsæter framfører ein nyskriven monolog om Aasen og reisene, songaren Anne Marta Vinsrygg Vadstein syng songar frå i dag med reise som tema, og Gaute Øvereng held eit kåseri om reisene i ord og landskap.

Mykje har vore sagt og skrive om Aasen sine reiser, men framleis er det detaljar og koplingar som ikkje har vore trekt fram tidlegare. Det er mykje å hente frå livet til ein mann som var på reisefot i 2735 dagar i løpet av 23 år. 

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.