Musea i fylket skal satse meir på forsking

Kultur- og folkehelseutvalet blir orientert om forskings- og innovasjonsstrategi for musea i Møre og Romsdal denne veka.
Kultur- og folkehelseutvalet blir orientert om forskings- og innovasjonsstrategi for musea i Møre og Romsdal denne veka.
Denne veka blir kultur- og folkehelseutvalet orientert om forskings- og innovasjonsstrategi for musea i Møre og Romsdal.

 

-Strategien er ei oppfølging av sentrale hovudmål i regional delplan for musea 2017-2026, der musea i større grad vil satse på forsking i si daglege verksemd, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Saman med fylkeskommunen og musea, leverte Telemarkforsking, i juni 2018, eit forslag til korleis musea kan oppnå dette målet.

Strategien legg opp til at skal bli tilsett ein forskar som skal rettleie og koordinere forskinga.

Som ein del av satsinga, skal også dei tre regionmusea delta i det felles forskings- prosjekt «Fogderifylket Møre og Romsdal. Prosjektet skal resultere i eigen fagfellevurdert publikasjon, og kulturrådet har gjeve støtte på 903 000 kr til prosjektet.–Vi gler oss til å følgje prosjektet seier Wedlog Olsen.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.