Krim-mysterium på Volda bygdetun

Foto: Dei nynorske festspela.
Foto: Dei nynorske festspela.
Krim-mysterium der publikum er detektivar. Kvar dag frå torsdag 29. juni til søndag 2. juli kan du vere med på å løyse eit krim-mysterium på Volda bygdetun. Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive ei gåte for små og store detektivar, og gåta er inspirert av ei faktisk hending frå Setesdal.

Det er ein morgon i 1579, midt i den urolege reformasjonstida. I Valle i Setesdal møter soknepresten sin endelykt utanfor kyrkja. Kven står bak? For å løyse gåta må du leite opp spor rundt om på museet. Spora leier fram til motivet for prestedrapet, våpenet som blei brukt, og ikkje minst den skuldige –om du greier å pusle alt rett saman.

Lars Mæhle har laga mange krimgåter for detektivar i alle aldrar. Han har skrive om mystiske hendingar i Kråkeslottet barnehage, om krimteamet Siri og Max for barn i barneskulealder, og førebels tre vaksenkrimbøker med psykologen Ina Grieg i hovudrolla. Soga om prestedrapet er basert på ei sann historie.

Krim-mysteriet om presten i Valle blir sett opp kvar ettermiddag under Festspela, i samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum.

 

Torsdag 29. juni

12.00–15.00

Fredag 30. juni

12.00–15.00

Laurdag 1. juli

12.00–15.00

Søndag 2. juli

12.00–15.00

Volda bygdetun

Kven drap presten i Valle? 

Kr 70 / familie 200

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.