Oppfordrar kunstnarar til å søke stipend

Magnhild Haftorn Opdøl frå Ålvundfjord er ei av dei som tidlegare har mottatt kunstnarstipend. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Magnhild Haftorn Opdøl frå Ålvundfjord er ei av dei som tidlegare har mottatt kunstnarstipend. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Er du profesjonell kunstnar busett i Møre og Romsdal? Då kan du søke kunstnarstipend. Søknadsfristen er 1. juni 2017. Den totale ramma for Kunstnarstipendet er 600 000 kroner.

Støtte kan gi betre vilkår

Det skal delast ut eit arbeidsstipend på 200 000 kroner til ein kunstnar innan visuelle kunst. I tillegg skal 400 000 fordelast på fleire stipend innan alle sjangrar, inkludert visuell kunst.

-Vi er glade for å kunne dele ut eit større arbeidsstipend. Dette gjev fridom for kunstnaren til å  fordjupe seg i eit prosjekt. Vi ønsker å vere eit fylke der kunstnarar kan etablere seg, jobbe og ha gode vilkår, seier Camilla Wiik, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fordjuping over tid
Formålet med ordninga er å fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og verkar i fylket. -Gjennom ordninga håpar vi å gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid, slik at dei både kan heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt, og ha moglegheit til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid i sitt kunstfelt, fortel Wiik.

Nye statuttar
19. april vedtok Kultur- og folkehelseutvalet nye statuttar for Kunstnarstipendet. – Vi ber alle som vil søke, om å lese desse før dei fyller ut søknaden, seier Wiik.  Frå 2018 vil fristen vere 1. april, slik det står i dei nye statuttane. - Vi ønsker at så mange som mogleg av våre profesjonelle kunstnarar søker kunstnarstipendet, avsluttar ho. 

Søknadskjema og meir informasjon finn du her

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.