Bokbåten Epos kjem til ei kai nær deg

Bokbåten Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bokbåten Epos. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Onsdag 27. september legg Bokbåten Epos legg ut på tur nummer 103 i Møre og Romsdal. Totalt 66 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar.

Onsdag er det Vartdal, Hjørungavåg og Eiksund som får besøk. Heile ruta for Møre og Romsdal finn du her. Det er kulturprogram på dei fleste stoppa: Programmet passar for barnehagebarn, litt større skolebarn og familiar.

–Vi håpar mange nyttar sjansen til å mønstre på, både i skoletida og på kveldsstoppa våre. Dei tilsette om bord håpar mange kjem på besøk for å låne bøker og sjå kulturprogrammetseier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Stoppestadane sør for Ålesund får besøk i tida 27. september til og med 5. oktober. Deretter kjembåten til stadane nord for Ålesund 16. oktober til og med 29. oktober.

Publikum får bestemme handlinga

På stoppestadane sørover tek Torunn Tusj oss med på ei interaktiv forteljarstund, «Hvem vet hva det blir – en fortelling på bestilling», der publikum er med på å bestemme handlinga. Ved hjelp av enkle virkemiddel får Torunn med seg både barn og vaksne på moroa. Blir det ei historie om ei prinsesse eller ein lama? Kanskje kjem sjølvaste Batman på besøk? Den som kjem om bord får sjå!  Torunn har arbeidd som teatermakar sidan 1996.

«Hockeysveis fører til dårlige rim»

 Nordover har vi med oss Siv Wyller, med «Hockeysveis fører til dårlige rim». Her blir vi kjent med den glade frisøren Lazze som elskar frisyra hockeysveis, vakre Gunn og gode rim. Uheldigvis har han to fiendar og eitt problem. Dette førar han opp i mykje trøbbel og forviklingar med kjeks, svenske danseband og ein skalla prest. Forestillinga er basert på boka med same tittel. Historia er ganske tøysete, men og litt skummel. Wyller har studert ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning og har ein mastergrad i litteraturformidling.

Bokbåten ønsker vaksne og barn i alle aldrar velkomne om bord!

Meir informasjon finn du på nettsida til Bokbåten

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.