Sterk snøsmelting avdekker arkeologiske funn i fjellet

Møre og Romsdal fylkeskommune gjer seg no klare for å iverksette eit større prosjekt for å kartlegge omfanget av snøsmeltinga i fjella. Her frå Grovåskardet. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune gjer seg no klare for å iverksette eit større prosjekt for å kartlegge omfanget av snøsmeltinga i fjella. Her frå Grovåskardet. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi førebur eit stort kartleggingsprosjekt i regi av fylkeskommunen i haust, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Den varme sommaren i år har medført sterk smelting av snø og is i høgfjellet. Permanente snøfonner som har ligge stabilt i fleire tusen år har no begynt å smelte. Og med dette smeltar det også fram arkeologiske funn etter forhistorisk jakt, fangst og anna ferdsel i fjellet. Møre og Romsdal fylkeskommune gjer seg no klare forå iverksette eit større prosjekt for å kartlegge omfanget av snøsmeltinga, og potensialet for slike funn i ulike delar av fylket.

Kartlegg forhistoriske funn i fjella

Sidan 2014 har Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med universitetsmusea, Statens Naturoppsyn og frivillige fjellfolk, arbeidd med å kartlegge forhistoriske funn i snøfonnene.

Arbeidet har resultert i funn av bogar, piler, skremmepinnar, tau og spader, så vel som eit rikt biologisk materiale – ikkje minst etter villrein. Det kjølige og stabile klimaet i fonnene har bidratt til å bevare funn som normalt ville ha rotna bort. Snøfonnarkeologien er likevel avhengig av naturleg avsmelting, og dette byr på store utfordringar. Avsmeltinga kan variere mykje frå år til år, og fonnearkeologien er såleis svært uforutsigbar. Smeltesesongen er dessutan kort, og lokalitetane ligg høgt og langt frå folk.

-Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt å utarbeide ein beredskapsplan for periodar med særleg sterk avsmelting. Vi følger no situasjonen tett, men det kan sjå ut til at det må settast i verk full beredskap allereie i inneverande år, seier Wedlog Olsen.

Skal undersøke fonner over heile fylket

Kravet er at snøsmeltinga skal vere større enn det var i 2014, det siste året med stor avsmelting. Ut frå målingane til NVE synes vi i år å gå imot den største avsmeltinga sidan dei starta sine målingar. –Vi ser skilnader mellom aust og vest, men særleg i dei austlegaste områda har smeltinga vore svært stor, seier prosjektleiar Kristoffer Dahle. – Både i Oppland og Oppdal er det allereie smelta fram gamle pileskaft.

-Vi legg opp til eit feltarbeid i to veker i midten av september, der vi vil leie helikopter til å undersøke ti nøye utvalte fonneområde spreidd over heile fylket. Ved å gå breitt ut håpar vi å fange opp heilskapen, likskapar og skilnader, og få eit overordna og representativt bilete av forhistorisk jakt og fangst i fjellområda våre. Som tidlegare vil vi også i år samarbeide med Statens Naturoppsyn og frivillige fjellfolk om registreringar utover dette utvalet, seier Dahle.

Planen legg også opp til eit nært samarbeid med klimaforskarar, og arkeologane har også med seg ein student som vil ta prøver for å kartlegge fonnene sin alder og kunne seie meir om den klimatiske utviklinga over tid. Målet er å få ei god oversikt over fonnene og potensialet for arkeologiske funn i ulike delar av fylket, og eventuelt velje ut område for vidare oppfølging.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.