Finst det ein nynorsk identitet?

Utstillingsgruppa i Aasen-tunet ønskjer vel møtt til opning av foto- og temautstillinga «Eg er» i Aasen-tunet fredag. F.v. dagleg leiar Gaute Øvereng, formidlar Synnøve Marie Sætre, og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Foto: Sunniva Lund Osdal
Utstillingsgruppa i Aasen-tunet ønskjer vel møtt til opning av foto- og temautstillinga «Eg er» i Aasen-tunet fredag. F.v. dagleg leiar Gaute Øvereng, formidlar Synnøve Marie Sætre, og dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Foto: Sunniva Lund Osdal
Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru? Den nye temautstillinga frå Aasen-tunet utforskar dette, og blir i år supplert av både fotoutstilling utandørs og ein videoinstallasjon der Linda Eide er sentral.

Utstillinga blir opna fredag 1. juni av Marit Nerås Krogsæter, lærar, nynorskbrukar og leiar i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal. Musikkstudent Guro Topphol står for det kulturelle innslaget på utstillingsopninga.

Anne-Marte Før frå Valdres står bak fotoutstillinga utandørs. Ho håpar utstillinga kan utfordre stereotype oppfatningar av ein nynorskbrukar og kva det vil seie å vere ein nynorskbrukar. – Eg ser etter variasjonane blant menneska som er nynorskbrukarar, og eg håper tilskodaren kan sjå at det av og til berre er språket som er fellesnemnaren. Identitet har vore eit interessefelt for meg lenge, og det er spennande å ta utgangspunkt i eigen identitet når ein arbeider med fotografiet. Som nynorskbrukar har eg sjølv vorte plassert i feil bås ei rekkje gonger, seier Anne-Marte Før.

Det er altså særskilt det nynorske tilfellet det blir sett lys på, men ikkje berre det. Utstillinga tek også for seg språk og identitet meir allment, og det internasjonale perspektivet vil vere synleg. Den særeigne dialektfridomen i Noreg er eit godt utgangspunkt for samanlikning med andre land i Europa.

– Vi er nyfikne på kva det gjer med språkidentiteten til folk i andre land at dei ikkje kan bruke dialekta si overalt i samfunnet. Det norske tilfellet er også unikt når ein ser på bakgrunnen og historia til nynorsken, som ikkje har opphavet sitt i talemålet til overklassa, seier Anders Aanes, dokumentasjonsansvarleg i Ivar Aasen-tunet.

I utstillinga er det også ein videoinstallasjon der seks personar har svart på det fundamentale spørsmålet «Finst det ein nynorsk identitet?». Mellom desse er programleiar og journalist Linda Eide, samlagsdirektør Edmund Austigard, og professor i nordisk litteratur Geir Hjorthol.

 


Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.