No skal det bli lettare å søke om støtte til festivalar og kulturarrangement

Kulturlivet kan gle seg over enklare støtteordning til festivalar og arrangement (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune).
Kulturlivet kan gle seg over enklare støtteordning til festivalar og arrangement (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune).
Nye retningsliner for tilskot kan gi kulturlivet meir føreseieleg økonomi. Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg vedtatt nye retningsliner for støtte til regionale festivalar og kulturarrangement. Formålet med ordninga er mellom anna å gjere kunst og kultur av høg kvalitet meir tilgjengeleg for flest mogleg og styrke grunnlaget for eksisterande og ny aktivitet. Vi ønsker også å stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket, seier fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Festivalstøtte

Med den nye ordninga kan no fleire større aktørar søke på eitt- eller treårig tilskot til festivalar eller kulturarrangement. Festivalar og kulturarrangement som mottar offentlege tilskot frå kommune og/eller stat blir prioritert, i tråd med kulturlova som seier at stat, fylkeskommune og kommune skal gi kulturlivet føreseielege rammevilkår.

Ordninga gjeld for regionale festivalar og kulturarrangement for kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.

Forenkling

Det blir også enklare å søke. Alle tilskot til festivalar og kulturarrangement blir samla i eitt, både eitt- eller treårig støtte. Søknadsfristen for treårig støtte var i 1. juni 2018, men det vert opna for at regionale festivalar og kulturarrangement kan søke på eittårig støtte for 2019.

Søknadsfrist for den eittårige ordninga er 1. desember 2018. Meir informasjon på mrfylke.no

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.