Årleg festival i Gjerdsvika i Sande kommune. Ein familiefest med god heimelaga sjømat, koseleg marknadsgate med eit breidt spekter innanfor kunst og handverk, utstillingar, velsmakande lokalmat, spanande loppemarknad og kjekke leikar. Aktivitetar for dei fleste, i ei roleg og avslappande atmosfære.