ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Smak av Ulstein vert arrangert i Ulsteinvik, på Sunnmøre. Arena er Sjøborg kulturhus og kulturallmenningen. Smak av Ulstein har lange tradisjonar (tidlegare under namnet «Ulsteindagane»), og vert arrangert av kulturkontoret i Ulstein i samarbeid med lokale organisasjonar, butikkar og næringsliv.
Bakgrunnen for Smak av Ulstein er eit ønskje om å skape gode opplevingar i ein by med sterk utvikling og vekst. Programmet er variert og mangfaldig, med hovudfokus på konsertar og andre arrangement med/i regi av lokale aktørar - men festivalen byr også på nasjonale artistar. Smak av Ulstein sitt mål er å vere glade dagar med kultur og handel hand i hand, og vi ønskjer at festivalen skal skape bulyst og identitet, i tillegg til å vere med å motivere kulturlivet, næringslivet og lokalsamfunnet for vidare innsats og engasjement.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no