X2 festivalen vart starta i 2005 av ein gjeng studentar ved Høgskulen i Volda. Etter den tid, har festivalen etablert seg som ein viktig vinterekstremsportfestival i Skandinavia. Utgangspunktet for X2 var skialpinisme og freeride, men festivalen har fått fleire “X´ar” gjennom åra. No er både kajakk, longboard og surfing faste X´ar, samt fjelltelemark. Norgesguidene tilbyr også mange ulike guida turar kvar dag under festivalen.