Ingeborg Grytten

Ingeborg Grytten
Tittel:
Ingeborg Grytten
Opphavsperson:
Sigrun Espe, ABM Sogn og Fjordane
Beskrivelse:
Ingeborg Grytten vart fødd i 1668. Far hennar, Anders Johannesson Grytten, var prest i Holmedal prestegjeld frå 1655 til 1685. Mor til Ingeborg, Maren Ludvigsdotter Munthe, var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg.

Ingeborg vart smitta av leprabasillen i ung alder. Infeksjonssjukdomen går til åtak på hud og nervar, og på Ingeborg si tid vart dei spedalske gjerne sett på som levande daude. På vestlandet vart mange sendt til St. Jørgens Hospital i Bergen, ein av dei eldste sjukehusinstitusjonane i Skandinavia. Frå midten av 1500-talet fungerte St. Jørgens som ein by i byen, ein heim og eit sjukehus for dei smitta av lepraasillen. På det meste budde 150 spedalske på St. Jørgen.

Ingeborg var på mange måtar heldig som kunne bu heime, men det må ha vore vanskeleg å leve nærme men samtidig isolert frå familien, kyrkjelyden og andre i lokalsamfunnet.

På prestegarden der ho budde hadde Ingeborg tilgang til ei stor boksamling, og ho vart nok inspirert av samtidige diktarar som danske Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter frå Bergen.  Ingeborg skreiv også sjølv salmar. Diktinga var nok på mange måtar ein måte å søke trøyst og setje ord på kjensler knyt til sjukdomen. Når ein les tekstane til Ingeborg ser ein tydeleg korleis sjukdomen har satt sit preg på diktarskapet:

I nokre vers skildrar Grytten tydeleg sin sjukdom: Min bange Sjæles fule Saar
Forfærdeligen stinker
Udi min Herres Næsebaar
Hvorfore jeg nu hinker.
(»Den Anden Sang«)
I andre vers kjem det fram at Grytten lengtar etter døden:
Skal jeg længer paa dig vente,
før det falder dig tilpas
At du mig herfra vil hente,
og mig spende fra mit Las?
(»Den Tiende Sang«)Salmeboka til Ingeborg, Kors-Frugt, vart gitt ut i fleire opplag, og salmane hennar levde på folkemunne til slutten av av 1800-talet. Salmane til Ingeborg var mest sannsynleg til trøyst og hjelp for mange.

Det er usikkert kor lenge Ingeborg levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid etter 1705.
Emne:
Litteratur(25), salmediktarar, lepra, kvinnehistorie, kvinnelig-forfatter, dikt
Fylke:
Sogn og Fjordane
Kommune:
Askvoll
Språk:
no
Tilbyder:
ABM Sogn og Fjordane
Tilbyder:
Arts Council Norway
Date Created:
2014-10-15
Vis i opphavleg kontekst