Eit vegminne frå dei reisande tett ved E-6

Eit vegminne frå dei reisande tett ved E-6
Tittel:
Eit vegminne frå dei reisande tett ved E-6
Opphavsperson:
Torveig Dahl, Gudbrandsdalsmusea
Beskrivelse:
<p>Det har vore mange reisande som har dratt gjennom Gudbrandsdalen i ulike ærend. Mange av dei var nomadar med ganske faste ruter der dei visste kvar dei kunne finne arbeid, selja handverkstenester eller anna. Mange av dei val veldig flinke handverkarar, særleg var dei gode blikkenslagarar. Dei var og innom fastbuande familie, slekt og vener&nbsp;på besøk der dei for. Tidlegare&nbsp;reiste dei med hest og vogn, etter 1970-åra&nbsp;vart det&nbsp;etter kvart campingvognar som dei budde i. Mange av dei gamle teltstadene deira vart da gløymt. Denne holoa&nbsp;er ei av dei mange kvilestadene der dei kunne finne ly for ver og vind, ofte overnatte i, om dei ikkje vann fram til&nbsp;betre leirplassar for natta. </p><p>Eg kan minnast at vi såg bål og familiar&nbsp;med hestar i ly for natta der&nbsp;til&nbsp;utpå 1960-talet. Vegvesenet har i det seinare fylt opp botnen etterkvart som vegen har vorte endra og utvida. Enda ser ein tydeleg holoa, sjølv om ho nå framstår som veldig mykje mindre enn den gongen ho gav ly for dei reisande.</p><p>Om nokon har&nbsp;informasjon om desse reisande og denne eller andre overnattingstader i Gudbrandsdalen&nbsp;- eller annan relevant informasjon, ta gjerne kontakt med <em>gudbrandsdalsmusea.no</em><br></p>
Emne:
Kjøretøy, bil og motor, veitransport(8), Fleirkultur og minoritetar(20), Kulturminne(24), tater, romanifolket
Fylke:
Oppland
Kommune:
Ringebu
Språk:
no
Tilbyder:
Gudbrandsdalsmusea
Tilbyder:
Arts Council Norway
Date Created:
2014-10-15
Vis i opphavleg kontekst