Reisa i mitt indre

Tittel:
Reisa i mitt indre
Opphavsperson:
Camilla Steinsland Hansen, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Beskrivelse:

Manus

Eg hadde så lyst til dette. Å reise langt vekk. Heilt sidan barndomen, så var draumen å oppleve noko anna. Det var som ein lengsel, langt inn i sjela.

Å gå utanfor gjerdet, fortsetje lengre enn før. Eg trur eg opplevde det slik fordi eg kjente meg annleis. Kven er eg?

Så ein dag var eg plutseleg vaksen, og då stod jo eg der med billetten i handa. Sekken var pakka. Sommarfuglane dansa i magen og eg kjente meg glad og trist på same tid.

Pappa gret sine modige tårer. Eg hadde aldri sett han gråte slik før, og det prega meg sterkt. Men vi kom oss igjennom det.

I eine augeblikket var eg heime og plutseleg var eg på andre sida av kloden. Det var så rart, så uverkeleg, men likevel så naturleg.

Inntrykka flomma på. Eit einaste stort samansurium av dyr og menneske. Eg tenkte på alle skjebnene, så mange som lev liva sine så ulikt meg. Eg kjente meg på ein måte i eitt med alle folka og med kloden.

Somme stunder kjente eg meg åleine. Men det gjekk fort over. I dei stundene, når eg trudde eg nærmast hadde sett alt, så blei eg alltid overraska.

Ein vakker vårdag i 2008, tok eg turen innom Korea, mitt fødeland. Eg hadde aldri vore der før, og var spent. Det var godt å gå på gata, og kjenne at eg blenda inn. Og det var på gata i Korea, eg fann meg sjølv.

Den lengselen eg ein gong kjende, var erstatta med noko nytt. Det å reise, oppleve og møte andre, gav meg moglegheit å bli kjent med meg sjølve, og bli tryggare i mine eigne skor.

Eg kjende meg vel av å gli inn i mengda, men samtidig kjente eg inni meg, langt inni sjela, at identiteten min er knytt til korleis eg har vekse opp - ikkje til mitt opphav. Eg er ikkje lengre annleis.

Emne:
Film(19), Kultur og samfunn(23), personleg, forteljing-, identitet-, opphav-, reise
Fylke:
Sogn og Fjordane
Kommune:
Askvoll
Språk:
no
Tilbyder:
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tilbyder:
Arts Council Norway
Date Created:
2014-12-01
Vis i opphavleg kontekst