ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Stavkyrkja i Ørsta er første gong nemnt i Diplomatarium Norvegicum i 1385, men kyrkja var nok bygd mykje før. Ho vart restaurert i 1699 og rive for å byggje ny kyrkje i 1864. Materiale frå stavkyrkja vart nytta i den nye kyrkja. Det verdfulle altarskåpet frå seinmiddelalderen er sannsynlegvis laga i Nord-Tyskland eller Holland. Skåpet vart restaurert attende til opphavleg utsjånad sist på 1950-talet. Bonde-epitafiet er frå 1699 og Vik-epitafiet frå 1703. Kyrkja fekk orgel alt i 1870. Glasmålarstykke av kunstmålar Oddvard Straume vart sett inn i vindauga på slutten av 1950-åra. Kyrkja vart restaurert før krigen, i 1950-åra og i 1970.
(Kjelde: Ørstavik, Ragnar: Ørsta kyrkje gjennom tidene. 1990).
Ingen arrangement funne.
Dato | Kva |
---|---|
27 apr |
Greg Niemczuk: ”Hyllest til Beethoven” 250 år – 1770-2020 Ørsta kulturhus |
25 aug |
Riksteatret: Høna, egget og reven Ørsta kulturhus |
27 aug |
Heile Sunnmøre syng Elton John Ørsta kulturhus |
17 sep |
Terje Sporsem - Absolute Norsk Ørsta kulturhus |
25 sep |
Kaptein Rødskjegg & Sjørøvarane Ørsta kulturhus |
12 okt |
Riksteatret: Are Kalvø toppar VG-lista Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no