ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Ytst på Godøya i Giske kommune ligg det sjarmerande fiskarsamfunnet Alnes. Bygda var i si tid eit av dei største fiskeværa på Sunnmøre, og har eit verneverdig kulturlandskap. Frå Alnes er det fritt utsyn til storhavet, og husa i den gamle delen av busetnaden ligg i rekketun. Området har eit vakkert og variert turterreng i fjell og fjøre, rullesteinsstrender og sandstrand. På Alnes ligg òg Alnes fyr som er freda. Fyrstasjonen er open for omvising, og fyrboligen har utsal av kunst, husflid og heimebakst.
(Kjelde: Destinasjon Ålesund og Sunnmøre).
Ingen arrangement funne.
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no