ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Frå gamal tid hadde både Kristiansund og Grip gravplassane sine ved Bremsnes kyrkje.
Bremsnes-landet er gamal boplass. Her er spor etter dei første menneske på våre kantar, Fosnakulturen. Bremsnes var høvdingsete før den skrivne historia tek til, og den gamle horgen med offersteinen i midten er bevart.
Mindre utbetringar av kyrkja vart gjort utover 1800-talet. Ei større restaurering var naudsynt, ho vart utført i perioden 1869-1875. Ei ny stor restaurering vart gjort på slutten av 1960-talet.
Altartavla er frå 1771 og laga av kunstnaren Ole Jonson Kolset frå Halsa. Kolset var ein av dei tre store i nordmørsk kyrkjekunst på 1700-talet. Altartavla vart overmåla med vanleg veggmaling ved restaureringa i 1869, men avdekka att i 1932 av Riksantikvarens konsulent Ola Sæther, Halsa.
(Kjelde: Bremsnes kirke 200 år. 1771-1971. 1971).
Ingen arrangement funne.
Ingen arrangement funne.
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no