ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Den fyrste kyrkja på Fjørtoft gjekk under namnet "Fjærtoftens Capell". Vi høyrer om henne i kjelder frå 1750-åra. Kapellet var svært lite og vart selt til nedriving i 1878 for å byggje ny kyrkje. Altarring og preikestol følgde med på kjøpet. Den vesle kyrkjeklokka frå 1520 følgde med til nykyrkja, likeeins altarkalken frå 1638 og messehakelen frå perioden 1819-1834. I 1917 vart det første orgelet skifta ut med eit nybrukt. Det vart reparert fleire gonger og til slutt erstatta med eit nytt frå Vestres orgelfabrikk, Haramsøy, i 1956. Ny altartavle måla av kunstmålar Jonas Peson vart innvigd i 1939. Ho erstatta den gamle som var falma og utslete. Kyrkja vart vølt i 1924, i 1934 og 1950-53. Til 75-års høgtida i 1953 vart antikkglas og 2 glasmåleri innsett i kyrkja.
(Kjelde: Fjørtoft, Palmar: Fjørtoft kyrkje 100 år : 1878-1978).
Ingen arrangement funne.
Dato | Kva |
---|---|
30 apr |
Stand-Up m/ Thomas Leikvoll // Unnskyld! Ingebrikt Davik huset |
04 Mai |
Thomas Hylland Eriksen // Appens Planet: Korleis smarttelefonen forandra verda Ingebrikt Davik huset |
04 jun |
Stand-Up m/ Pål Riise // SÅNN Æ SER DET! Ingebrikt Davik huset |
22 aug |
Sunnmøre prosjektkor // "Your Song" a tribute to Elton John Ingebrikt Davik huset |
17 sep |
Nordic Tenors // Classics Ingebrikt Davik huset |
25 sep |
aChoir - Går solo Ingebrikt Davik huset |
13 nov |
Tore Sagen // Stand-up Ingebrikt Davik huset |
28 nov |
Årets Julekonsert Ingebrikt Davik huset |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no