ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Sunnmøre Museum er eit regionmuseum for kystkulturen på Sunnmøre. I Borgundgavlen har museet ei stor samling antikvariske bygningar som viser gammal byggeskikk og levemåte frå mellomalderen til tidleg 1900-tal. Sentralt i området ligg den tradisjonsrike Borgund kyrkje og prestegard. Arkeologiske funn og utgravingar frå Borgunkaupangen er utstilt i eige museumsbygg. Her får ein glimt inn i stadens kulturhistorie frå eldre steinalder fram til bylivet i Kaupangen på 1300-talet. Museet har eige båtsamling med mellom anna kopier i full storleik av Kvalsundskipet frå 700-talet, Fjørtoftbåten frå 600-talet og gamle originale sunnmørsbåtar som vart rekna som dei beste havseglarane på norskekysten. Desse kan ein sjå i den store båthallen og ved museumskaia. Museumsanlegget ligg i ein frodig naturpark der ein kan veksla mellom kulturtilbod og spaserturar på vene skogsstiar.
Museet har arkiva etter Ragnar Øvrelid, Anders Hovden, frk. Daae, Peter Jøsvold, A.D. Stafseth, Sunnmøre Fiskarlag, Spilkevik snøre og notfabrikk, R.R. Mork, Borgund Husmorlag, Borgund Lærarlag, Ingvald Skjeldrup, Knut Uksnøy, sokneprest Eikrem, Bjarne Rabben, Sunnmøre skulemuseum, Martin Bjørlo, O. Bjørlykke, firmaet Solbjørg og Rekdal, Longva Handelsforening, Borgund Sokneråd, P.O. Simonæs, Knut Didriksen Stafset, Borgund fattigkommisjon, Borgund prestegjeld (festeprotokoll) og ymse brev, skøyter, bygsel, panteobligasjonar frå Sunnmøre frå 1700- og 1800-talet.Sjå også liste i boka Sunnmøre samfunn (1975) s 165 f.
Museet har også eige bibliotek.
Ingen arrangement funne.
Dato | Kva |
---|---|
05 mar |
To rustne herrer: Siste dans Parken Kulturhus |
05 mar |
To rustne herrer: Siste dans EKSTRA Parken Kulturhus |
06 mar |
To rustne herrer: Siste dans Parken Kulturhus |
06 mar |
Rasmus Wold: Sportsidiot Parken Kulturhus |
06 mar |
To rustne herrer: Siste dans EKSTRA Parken Kulturhus |
09 mar |
Linda Eide: Oppdrag Mottro Parken Kulturhus |
10 mar |
U.-KA revyen 2021: PÅ KANTEN Parken Kulturhus |
10 mar |
U.-KA revyen 2021: PÅ KANTEN Parken Kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no