«O helga natt» - Hanne & Tenorar

Hanne Krogh og tenorar. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg kulturhus.
Hanne Krogh og tenorar. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg kulturhus.
Tysdag, 29 november, 2016 klokka 18:30

Hanne Krogh sin idé med å la soliststjerner frå dei største operahusa fritt og storslått boltre seg i dei store musikk-klassikarane og vakre julesongar, kombinert med nær, klok og humoristisk formidling av julebodskapen, har utvikla seg til å bli ein av dei største suksessane i norsk kulturliv.

Nytt i år: dei vakrastene tonane fra trompetverda, med gjesteartist Stig Espen Hundsnes

Mottakinga frå både publikum og media har vore overveldande. For nordmenn må ikkje lenger til Milano, New York, Paris, Madrid eller andre store operahus for å oppleve dei største stemmene.

Lokale kulturhus følest som La Scala eller Metropolitan, og opplevingar i verdsklasse er berre ein spasertur unna.

Thomas Ruud jobba i mange år ved Statsoperaen i Stuttgart, og har i dag base i Berlin. For han er turneen med Hanne og tenor-kollegaene ei kjærkoma avveksling og eit annleis høgdepunkt i året. Ingen kan frembringe et budskap, fortelle historier og binde en konsert sammen som henne", seier han.

Jan Erik Fillan går frå hovudrolle til hovudrolle på operascener rundt om i Norge. "Hanne bringer frem nye sider i oss og gjør oss mer komplette som artister", seier tenoren som òg syng musikalsongar på høgt internasjonalt nivå.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 450,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: