Ålesund strykekvartett

Ålesund strykekvartett. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Ålesund strykekvartett. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Torsdag, 11 februar, 2016 klokka 19:30

Ålesund strykekvartett feirer 30-årsjubileum denne sesongen.

Til Fosnavåg kjem dei med musikk av Ludvig van Beethoven: Strykekvartett opus 74 i Ess-dur "Harpekvartetten". Dimitri Sjostakovitsj: Strykekvartett nr. 8 i C-moll. Strykekvartett nr. 8 er nok kanskje det mest kjende av kammermusikkverka til Sjostakovitsj, og blei skreve i løpet av 3 dagar sommaren 1960 etter ei reise til Dresden. ”Til minne om ofra for fascisme og krig” heiter det i dedikasjonen.

Ålesund strykekvartett blei etablert av Ålesund kommune i 1985, og er eit profesjonelt ensemble tilknytt Ålesund kulturskule. Dei fire musikarane er Ai-Ling Chiu, fiolin, Ove Kvangarsnes, fiolin, Linda Bønes, bratsj og Samuel Skrede, cello.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: