Årsmøte i Skodje sogelag på Jentekolonien

Måndag, 20 februar, 2012 klokka 19:00:00

Årsmøtesaker.
Historisk program ved forfattar og museumsbestyrar Ole M Ellefsen: "Ein smak av kystkultur"

Ein smak av kystkultur er tittelen på foredraget forfattar og museumsbestyrar Ole M. Ellefsen presenterer på årsmøtet til Skodje Sogelag førstkomande måndag. Foredraget er basert på eigen forskning, i hovudsak presentert i dei to bøkene: Farefull ferd på Sunnmørskysten og Folket ved Hustadvika.
Omgrepet kystkultur er nytta som fellesnemning for det som kjenneteiknar livet langs den lange og verharde kyststripa vår. I foredraget tek Ellefsen utgangspunkt i kulturen langs kysten av vårt eige fylke, Møre og Romsdal. Hovudtema er busetnadsmønster, leveveg knytt til havet, skildringar av daglegdagse hendingar så vel som samlingar med leik og moro. Og sist, men ikkje minst korleis dei tøffe naturtilhøva påverka alle som budde der gjennom ulike dramatiske hendingar.

Stad
Gomerhuset, Skodje Kyrkje, Jentekolonien
6260
SKODJE
Kommune: