Åsleik Engmark

Pressefoto.
Laurdag, 29 september, 2012 klokka 20:00

Musikalsk Stand-Up! Sist Åsleik Engmark besøkte ID-huset fekk vi høyre sleivspark både om dei nye Samfjordgårdane og Hildrestranda, i tillegg til ei rekkje improviserte songar som var like morosame som musikalske.

Kven skulle tru at mannen bak stemma til Knerten kunne syngje med ei slik kraft! Såpass morosamt og imponerande var det, at vi spurte om han ikkje ville kome tilbake. 29. september står han igjen på scena med si nye framsyning – MUSIKALSK REISNING. Her er alt frå stand up-komikk til Mozarts Tryllefløyten på seks minutt, med Åsleik i alle roller. Ikkje minst lagar han også songar på sparket. Her blir det kjærleiksviser og protestsongar med publikum sjølv i hovudrollene! Med seg har han sin gode ven og multimusikar Jon Rørmark.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: