Ørjan Burøe - Fordommer

Ørjan Burøe. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Ørjan Burøe. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 8 april, 2017 klokka 21:00

Ørjan Burøe tek kleine og seriøse tema som dei fleste ville gått i stor ring rundt og skubbar dei rett inn i komfortsona til publikum.

Showet «Fordommer» er eit show med sjølvironi, innsikt i både eigne og andre sine fordomar og brå, men uskuldig framføring av desse emna. Burøe har lang fartstid på scena. Han veit å setje ting på spissen, men ein kritikar sa om showet at noko det som avvæpnar elles eksplosive tema, er at Burøe ikkje skil mellom oss og dei, eller peikar på den eine fordomen som verre enn andre. Ørjan Burøe har brodd og humoristiske vinklingar og han veit å presisjonsbombe publikum med poeng og gode historier. Her blir ingen spart! 

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: