Øyvandring og urframføring – markering av Grunnlovsjubileet på Veøya

Veøya kyrkje og prestegard. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Søndag, 6 juli, 2014 klokka 00:00

Veøya har hatt ei sentral historisk rolle i fylket vårt, og 6. juli markerer ei rekkje samarbeidspartar Grunnlovsjubileet med øyvandring og konsert. Publikum vil få oppleve ein nyleg restaurert og staseleg prestegard. Etterpå blir Veøya si historie fortalt gjennom musikk, med urframføring av eit nytt musikkverk av Daniel Herskedal.

Møre og Romsdal fylkeskommune er på oppdrag frå Riksantikvaren arrangør for festdagen i samarbeid med Romsdalsmuseet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Molde kommune.

Veøya var sentral som kaupang i middelalderen og eit knutepunkt i kyrkje- og samfunnslivet i regionen. I 1814 var prestegarden på Veøya bustad for Eidsvollmannen og prosten Jens Stub som får ein naturleg plass i jubileumsmarkeringa. Veøy gamle kirke var valkyrkje der nettopp Stub vart vald som ein av representantane til Eidsvoll frå Romsdal Amt. Under jubileumsmarkeringa vil publikum få høyre Veøya si historie fortalt av kunnskapsrike formidlarar med spisskompetanse på fagfeltet. Riksantikvar Jørn Holme vil delta på markeringa.

Prestegarden på Veøya er restaurert og framstår no som eit staseleg og levande kulturminne som deltakarane vil få besøke. Du kan også oppleve Veøya si historie fortalt gjennom musikk. Daniel Herskedal frå Molde har komponert eit nytt bestillingsverk i høve jubileet med tittelen «Gjenklang frå Veøya». Herskedal har vore musikar på Moldejazz og komponist på Olavsfestdagene i Trondheim.

Songaren Hallvar Djupvik frå Tomrefjord, Møremusikarane og komponisten sjølv vil urframføre musikken i middelalderkirka på Veøya. Verket er inspirert av eit arbeidsopphald som Daniel hadde på Veøya, og publikum vil mellom anna få høyre om «Presten Arnet», «Slaget på Sekken», samt kjende folketonar frå fylket. Direktør ved Romsdalsmuseet, Jarle Sanden, vil vere konferansier under konserten.

Det blir båttransport frå Molde og Nesjestranda. I tillegg er det høve til å nytte eigen båt til øya.

Stad
Veøya
Kommune: