1. mai konsert på Eidet Kulturhall

Korpskonserten Ja vi Elsker
Måndag, 1 mai, 2017 klokka 15:00

Tradisjon tru arrangerer Vatne Tennfjord Musikkorsps konsert i Eidet kulturhall 1. mai. Nytt for året er at konserten arrangeres i samarbeid med Vatne Hornmusikklag, og begge korpsa gleder seg til å samarbeide både om musikken og arrangementet. Dei ser for seg ein type show konsert, og vil ta i bruk både scene og amfi.

Som du ser av logoen så inkluderer vi både ”love” og nasjonalmusikk. Anna type musikk kan også bli å høyre, så her vert det eit spennende og variert program. Korpsa legg opp til ei avdeling kvar, samt at dei skal spele nokre melodiar saman. Fellesnummer vert melodiar frå Disney’s verden. Dette er artig musikk, og noko å bryne seg på både for yngre og eldre musikantar. Ellers så er de no 1. dagen i mai, så ein marsj eller to høyrer med, og begge korpsa har gravd i noteutvalg på romantisk film musikk og hits. Eksempel er ”All you need is Love” , Beatles låten som blei brukt i den populære filmen ”Love Actually”, og ”Girls, girls, girls” som dei populære popartistane Markus og Martinus har gitt ut. Det blir mykje bra musikk både for unge og eldre publikum.

Samarbeid
Det er kjekt å vere fleire. Begge korpsa har forholdsvis få medlemmar, og då er det kjekt å slå seg saman av og til, og få spele i storkorps. Dette let seg enklelt gjere sidan dei har både same dirigent og same øvingsdag. I tida fram mot konserten møter Vatne Hornmusikklag opp ein time tidlegare, og dei får øve saman. For dei unge musikantane i Vatne Tennfjord Musikkorps er dette både lærerikt og inspirerande, og det er også veldig kjekt for Vatne Hornmusikklag å spele i lag med borna, lære bort nokken triks og få litt fylde i rekkene.

Kafé og tombola
Det vert sjølvsagt både kaker og kaffe, tombolalodd og loddbøker. Også her samarbeider dei to korpsa. Vatne Tennfjord Musikkorps tar seg av lodd og tombola, medan Vatne Hornmusikklag har ansvar for kaker og kaffe. Loddsalget starter allereie no i desse dager. Då går medlemmer i Vatne Tennfjord Musikkorps rundt og sel lodd til husstandar i Vatne/Tennfjordområdet, så ta godt imot dei.

Billett:
Vaksne kr. 50,-

Velkommen til konsert!

Stad
Eidet Kulturhall
Kommune: 
Kategori: