50-års Jubileumskonsert med Ole Ivars

Ole Ivars. Fotograf: Arild Hansen.
Ole Ivars. Fotograf: Arild Hansen.
Laurdag, 7 mars, 2015 klokka 20:00

Maken til karrière  er det få andre band i Noreg som kan vise til, om nokon i det heile tatt. Bandet er ein eigen institusjon og Nasjonalteatret har i år laga ein musikal mynta på bandet sitt liv, eit stykke som har fått glimrande omtale og som no igjen går for fulle hus i hovudstaden. Ole Ivars er Noregs mest prisvinnande artist gjennom tidene. Dei kan sjå tilbake på 16 gullplater (1 gullplate for sal i Sverige), 8 spelemannsprisar der 1 er årets spellemann. Aldri har dei vore meir ettertrakta enn i dag!

Oslo Konserthus, Olavshallen og Grieghallen er gjennomført med kjempe suksess, No kjem konserten til Fosnavåg konserthus

Bandet har ein tilhengarskare som omfattar folk i absolutt alle aldrar, og i fleire land. Dei har spelt til dans for "folket" i heile si lange karrière, men i dei siste åra har dei også spelt for fulle hus i kyrkjer, konserthus, ja, til og med på opninga av Den Norske Opera & Ballet, fekk Ole Ivars det ærefulle oppdraget å spele. På sin jubileumsturné tek dei på seg finstasen og kjem til Fosnavåg Konserthus.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: