70-talsbanda på Stranda - konsert / dans

Akropolis. Fotokjelde: Plekterfesten.no
Akropolis. Fotokjelde: Plekterfesten.no
Laurdag, 5 september, 2015 klokka 19:30

Vi har lenge tenkt å samle 70-talsbanda frå Stranda til ei mimrestund. No skjer det! Gjer klar til ein kjempekveld med latter og tårer, og gjensyn med melodiar og menneske du trudde du hadde gløymt!

Det er mykje som skal klaffe for å samle så mange musikarar frå fjern og nær, men dei fleste har takka ja, og tek dette skikkeleg alvorleg. Mange reiser langt, både for å øve og for å stå på scena denne spesielle kvelden. Syt for å skaffe deg billett snarast!

Desse er med:

Nothing is Easy: Steintøft rockeband, heilt frå starten av perioden - særskilt kjent for bassisten Nils Arild Opsvik (Neck) sine fantastiske framføringar på tverrfløyte. Desse var med: John Terje Drege, vokal, Arnfinn Siem, gitar, Havtor Tryggestad, trommer, Nils Arild Opsvik, bass/tverrfløyte, Jan Reed, trommer.

Fem på Fem: Oppstod i kjølvatnet av Nothing. Orkesteret spelte mykje i heile fylket i 1972-73. Hadde mest Uriah Heep og Beatles på spelelista, men var allsidige og populære som danseorkester. Kjende for sine fleirstemte koringar. Desse var med: Arnfinn Siem, gitar, Ole Bjørn Siem, orgel, Jan Reed, trommer, Stig Hoel, bass og Sigurd Drege Jørgensen, vokal.

Butterfly Galore: Det mest "rocka" bandet frå Stranda. Spelte mykje eigne låtar. Kanskje det mest særeigne og tøffaste lokale bandet. Turnerte rund i området i helgane. Best hugsa for oppvarmingsjobben før Ruphuskonserten i Strandahallen, der dei tok publikum med storm. Desse var med: Egil Nilsen, gitar, Torstein Rem, gitar, Lars Egil Døving, trommer, Kjell Morten (Motta) Solheim, bass og Per Kristian (PK) Støbakk, vokal.

Akropolis: Dei som dreiv det lengst av strandabanda. Hadde mange samansetningar, og spelte på heiltid kring i landet i mange år. Starta kring 1974 og hadde musikken som levebrød frå 1978 til ut på 80-talet. Spelte rock, pop og discolåtar. Desse strandarane var med til ulike tider: Peder Vikenes, bass, Terje Årdal, orgel, Hallstein Brudevoll, trommer, Sigurd Drege Jørgensen, vokal, Arnfinn Ringstad, gitar, Rune Egil Frøysa, gitar, Arne Eivind Jektvik, gitar, Pål Øie, trommer, Hilde Jørgensen, vokal, Ole Bjørn Siem, orgel, Einar Opsvik, piano. Hadde elles med ei rekkje musikarar frå heile landet i den tida dei held på.

Mon Cheri: Legendarisk orkester med klippekort på dei mest populære danseplassane i fylket. Desse var med: John Terje Drege, piano og vokal, Arnfinn Siem, bass, Ole Bjørn Siem, gitar og Jan Reed, trommer.

Joy: Starta som utspring frå Akropolis i 1979. Dreiv på heiltid med musikarar frå heile landet det første året, før bandet vart strandabasert i 1980. Har spelt på dei fleste danseplassar i nærleiken, og var svært populære. Kan nok framleis bla opp ei speleliste på 20-30 låtar dersom det er aktuelt. Var med i tv-serien "Skal vi danse?" på NRK. Desse strandarane var med: Svein Arne Furset, orgel, Arnfinn Siem, gitar, Ole Bjørn Siem, bass, Lars Egil Døving, trommer og Sigurd Drege, vokal.

Gjesteorkester - Zeltic: Ålesundsbandet har spelt ei viktig rolle i musikkmiljøet i Ålesund, heilt frå starten av 70-talet og fram til i dag. Bandet er framleis oppegåande og er ei av drivkreftene i gamalpop-miljøet på Sunnmøre. Dagens besetning er: Arne «Mata» Marstrander, sang, Sverre Osnes, gitar, Håvard Almås, trommer, Harald Krogen, el.bass, Franz von Löwensprung, keyboard, og Kåre Synnes, gitar.

Etter konserten i storsalen, spelar APS Lonely med vener til underhaldning og dans i Kafè Allmenningen. 

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: