Aalesund Soul Children

Aalesund Soul Children. Pressefoto.
Aalesund Soul Children. Pressefoto.
Fredag, 27 november, 2015 klokka 19:30

Aalesund Soul Children blei etablert i august 2010 og teller 100 songare frå Ålesund, Giske, Sula, Haram og Vestnes. Koret er eit av dei største kora i Soul Children- konseptet, som er Noregs raskast voksande korbevegelse for ”tweens” og teens frå 10-19 år. 

Musikkstilen er gospel, rock, pop, soul og RnB. Målet er å formidle intens livsglede gjennom song og dans, og å skape ei ramme for å utvikle talentar i eit trygt og rusfritt miljø. 

Aalesund Soul Children jobbar målretta for og halde eit høyt musikalsk nivå, og har hatt ein rekke konsertar i ulike samanhenger. Særleg julekonsertane med fullt liveband har, dei siste åra, vore stillfulle, utselde høgdepunkt i Ålesund. For første gong held koret ein stor konsert i Haram, og stiller sjølvsagt også her fullt band.

Koret har tidlegare jobba med artistar som Trine Rein, Lisa Børud, Oslo Soul Children og Inge Andreas Jacobsen frå The Voice. Hausten 2014 ga koret ut sin fyrste CD, «One Day». Aalesund Soul Teens er eit eget spin-off-kor for ungdom frå 14-19 år. Desse blir naturlegvis også med på konserten på Ingebrigt Davik-huset. 

PS! Barnebillett gjelder opp til 18 år. .

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: