"Abrahams Barn"

Foto: Riksteatret
Tysdag, 19 februar, 2013 klokka 19:00

Svein Tindberg si framsyning om jødedommen, kristendommen og islam er sett av over 30 000 på Det Norske Teatret. Har han laga verdas beste historietime?

Svein Tindberg har hausta stor suksess med stykka Evangeliet etter Markus og Apostlenes gjerninger. Interessa for Abraham fekk han under ei vitjing i Jerusalem. I eit intervju med VG seier han: Eg oppfatta Koranen som uforståeleg og vart irritert over kor lite eg visste om arabarane. Kva veit vi eigentleg? For mange er ei Disney-utgåve av Aladdin det næraste vi kjem. Sånn kan vi ikkje leve. Eg ville finne ut noko meir. Og framfor alt ville eg lage engasjert teater for truande og ikkje-truande. Uansett kva religion som ligg i botn, så er dette historia om oss sjølve, det er myter og legender vi må ta vare på.

Abrahams barn har trollbunde publikum og presse. Med stor respekt peikar Svein Tindberg på at alle dei tre religionane – jødedomen, kristendomen og islam – gjer krav på Abraham som stamfaren sin. Er det ikkje eigentleg den same historia fortald på tre ulike vis?

Av og med: Svein Tindberg
Omsetjing av utvalde tekstar: Ola E. Bø
Regissør: Kjetil Bang-Hansen
Scenograf: John-Kristian Alsaker
Lysdesignar: Ola Brøten
Videodesignar: Raymond Stubberud
Dramaturg: Ola E. Bø
Speletid: 2 timer 30 minutter (inkludert pause).

Aftenposten: ”Briljant”
VG: "Det er drivende godt fortalt, med humor (…) Svein Tindberg er en brobygger med empati” (terningkast 5)
Klassekampen: ”Holder publikum trollbundet fra første øyeblikk”
Dagbladet: ”En dannelsesreise (…) religion, kulturhistorie og reisereportasje, varmt, dyktig og nakent»
Vårt Land: ”Informativ, levende og dypt vesentlig”
Dagsavisen: ”Jeg forlater teatret med en kunnskapstørst, et ønske om å vite mer.”

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: