Adam Schjølberg - Mellom Barken og Feen

Adam Schjølberg - Mellom Barken og Feen. Pressebilete: Stand Up Norge AS. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Adam Schjølberg - Mellom Barken og Feen. Pressebilete: Stand Up Norge AS. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fredag, 28 september, 2018 klokka 21:00

Vi ynskjer velkommen til atter ein herleg humorkveld på Ørsta kulturhus, i festsalen vår med unummererte billettar.

Sist vi hadde dette var på Haustlatter, og ein av dei artige aktørane då var Adam Schjølberg. No kjem Adam tilbake til Ørsta med sitt eige show, og vi riggar til salen på same måte som på Haustlatter og byd inn til ein kveld med mykje latter! Det er 18 års aldersgrense på arrangementet på grunn av skjenkeløyvet vi har fått.

Baren opnar kl. 20:00, og kl. 21:00 startar showet til Adam. Før og etter showet vert det musikk og god stemning i lokalet, så ta med deg dei kjekkaste kompisane og venninnene og ta fredagskvelden på Ørsta kulturhus!

NB! Det er høve til å få reservert bord for grupper på 4 personar eller fleire. Ta kontakt når du har kjøpt billett, så ser vi kva vi får til. Dei radene som er nærast scena blir utan bord. Bak stolradene framme ved scena vert det runde bord, og så vert det langbord bakover i resten av salen. Vi har plass til maks 200 gjestar, så ver snar med å sikre deg billett. Velkommen!

 

Stand Up Norge AS presenterer:
«MELLOM BARKEN OG FEEN»
Av og med Adam Schjølberg
Regi: Anne-Kat Hærland
 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: