Aktivitetsdag i vinterferien

Onsdag, 24 februar, 2016 klokka 12:00

Onsdag 24. februar kl. 12-15 er det full fart på «Buholmen» – med aktivitetsdag for små og store!

Bli med på forteljarstund på loftet i Dybhuset, ta del i smeden og skomakaren sitt arbeid, «prøvesitt» den gamle Spjelkavikruta, rull tønnebånd, hogg ved og bli med på museumsquiz. I Dybhuset steiker og sel vi heimelaga fiskekaker (kr 15), og i Larsnesbuda er det sal av «gamaldags» godteri. Open museumskafe – med stort teiknebord for den som vil ta ein liten pust i bakken.

Velkommen!

Inngang: Voksen kr 80, barn kr 40, familie kr 170, senior kr 50.

Stad
Sunnmøre Museum
Kommune: