Alex Rosen med Ishavsshow

rosen
Alex Rosen. Pressebilde.
Onsdag, 29 august, 2012 klokka 19:00

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012. Den store jubileumshelga vert samtidig med årets Brandalsdagar, og startar onsdag 29. august med besøk av Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet Aarvak i privat regi. Den store samlinga til Ishavsmuseet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin kunnskap. Det gikk ikkje lange stunda før han "hoppa inn" i rolla som "guide" på museet.

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner Alex som ein oppdagelelsesreisande, også med båt – og nettopp med den bakgrunnen vert Ishavsmuseet Aarvak og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit Ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Denne totalt ukontrollerte, ville og galne mannen med stor humor treng nok ingen lengre introduksjon. Det er nok også stor sjanse for at Alex vil framføre nokre sjølvvalgte slagarar i kjent stil, men først og fremst er det Alex med sin smittande latter som står foran mikrofonen denne kvelden, med sine humoristiske innslag – og med ein liten ishavsvri no og då!

Billettar:
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Du kan også kjøpe billettar ved Ishavsmuseet Aarvak og Flo & Fjøre i Brandal.

Billettpris:
Vaksne kr 250,-
VIP-billettar på dekk kr 500,-
Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: