Alexander Rybak

Alexander Rybak. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen.
Alexander Rybak. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen.
Søndag, 4 mai, 2014 klokka 18:00

Det er nesten slik at Alexander Rybak ikkje treng nokon introduksjon i det heile, for etter han i 2009 slo alle rekordar i Melodi Grand Prix med det som endte opp med å bli ein av vår tids aller største landeplagar, vart løpet lagt for unggutten. "Fairytale" scora heile 387 poeng i konkurransen og blei ein monsterhit over størsteparten av Europa de påfølgande ukene.

Det heile kulminerte i prisen for Årets Spellemann, og i 2010 gav han ut soloalbumet "No Boundaries". Siden Grand Prix-gjennombrotet har Rybak spelt konsertar og gjort fjernsynsopptredenar i 36 land, og no er tida inne for å besøke Brattvåg og Ingebrigt Davik-huset igjen.

Denne gongen med konserten "En musikalsk reise", der han mellom anna byr på klassiske sviskar, klassisk solofiolin, humor, pop og jazz samt melodiar frå TV2-programmet "Hver gang vi møtes". På keys og piano stiller Øystein Lund Olafsen.

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: