Alf Prøysen-kabaret med Ulstein kulturskule

Alf Prøysen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Alf Prøysen. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Onsdag, 11 juni, 2014 klokka 18:00

I høve 100 års jubileet for Alf Prøysen sin fødsel, vert tekstar frå han sin penn tema for kulturskulen sin sommarkonsert på Sjøborg. I dette prosjektet vil elevar og lærarar frå kulturskulen i Ulstein på ulikt vis presentere eit utval av desse gjennom dans, drama, musikk og song.

Prøysen skrev mange av sine viser og vers i krysningen mellom fattig og rik, og kulturskulen legg opp til ein lettliva kabaret som dreier seg rundt livet og kjærleiken, fallgruve og lykkestunde. Mor til Alf sa det slik: «Hæin har skrivi om oss æille – akkurat slik som vi er.». Det har vore ei utfordring for kulturskulen å velje ut frå hans enorme produksjon og korta ned til ein timelang framsyning.

På kabareen blir kjent stoff, frå Vise for gærne jinter via Slipesteinsvalsen til Du skal få ein dag i mårrå.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksne kr 100,-
Born (opptil 16 år) kr 75,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: