"Amazing" Herøy Brass & Bergsøy blandakor

Herøy Brass og Bergsøy Blandakor. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Herøy Brass og Bergsøy Blandakor. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 30 mai, 2015 klokka 19:00

Stål og fløyel, storm og stille, fyldig og lett, mektig og vart. Herøy Brass og Bergsøy Blandakor byd inn til storkonsert med musikalsk variasjon i innhald og uttrykk.

Denne laurdagen kan publikum gle seg over velklang frå to «kulturbautaer» i Herøy kommune. Herøy Brass, med utspring i Bergshorn/Herøy Brass og Bergsøy Blandakor, skipa i 1971. 

Denne kvelden er Fosnavåg konserthus staden for eit publikum som set pris på korps og kor med repertoar som femner frå det tradisjonsrike til det meir moderne. 

Og det vert storslått !! Innpå 100 musikarar og koristar vil fylle konserthuset med vellyd av den akkustiske sorten. Eit fulltalig brassband kan løfte taket i den flottaste sal, for deretter å so vidt høyrast på bakerste benk. Eit blandakor med over 60 songarar bevegar seg frå det mektigaste uttrykk til det mjuke og vare. 

Begge aktørane er for tida i storslag og kan love publikum god valuta for pengar og tid. Det er all grunn til å la seg freiste av konsert-tittelen. 

Konferansier Sigbjørn Notøy vil, på ein framifrå måte, knyte det heile saman. 

 

Vel møtt !! 

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: