ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Anita Skorgan har aldri lånt sin stemme til noko likegyldig. Likevel er det ein ny tyngde og frodigheit over hennar nye album der alle tekster er skreve av Terje Nordby. Hennar nye album ”La høsten være som den er” presenterer ei samling låtar frå eit nytt låtskrivarpar. På usedvanleg vakkert og stemningsfullt vis forenar dei det appellerande med det utfordrande.
Anita Skorgan har vore stabilt tilstade for oss alle som komponist og songar i meir enn tre tiår. Namnet hennar vert forbunde med sterke melodiar, ein særegen sårbar formidlingskraft og usvikeleg kvalitetssans. No har ho smelta sin melodiske åre saman med eit edelt mineral frå ordas verd. Resultatet er ei legering med ein spesiell slitestyrke. Og med musikarar som Olav Torget på Gitar, Rune Arnesen på trommer, Jørun Bøgeberg ogØyvind Madsenpå bass og ikkje minst Jon-Willy Rydningen (som også er produsent saman med Anita) på tangentar, er lyttaren garantert eit bunnsolid sluttresultat.
Dato | Kva |
---|---|
04 feb |
Eva Weel Skram Herøy kulturhus |
05 feb |
Hest, fest og heimlengt! Herøy kulturhus |
11 feb |
Marion Ravn Herøy kulturhus |
19 feb |
Morten Abel Herøy kulturhus |
20 feb |
12 gode råd - Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen Herøy kulturhus |
05 mar |
Arild Andersen Group Herøy kulturhus |
07 mar |
Oppdrag Mottro: Linda Eide Herøy kulturhus |
10 mar |
Bernhoft solo Herøy kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no