Anita Skorgans Julekonsert

Anita Skorgans julekonsert. Fotograf: Lisbeth Michelsen.
Anita Skorgans julekonsert. Fotograf: Lisbeth Michelsen.
Torsdag, 4 desember, 2014 klokka 19:30

Stillfarent, lyst og stemningsfullt nærmar ensemblet seg jula sin bodskap og set dei indre, djupe strengane i sving -  dei som bind hjerta saman i den mørke førjulstida. Det er tid for å puste, reflektere, minnast barndommens jul og få eit verdifullt møte med seg sjølv midt i vinterens kulde og det kommersielle kaos.

Med ei gjenforteljing av Charles Dicken`s eviggyldige «A Christmas carol» eller «Juleevangelium», som nettopp handlar om jula i hjartet, sett ein annleis rame rundt jula sin bodskap og stemning. Dette er ein del av konserten og vert framført av Terje Nordby. 

Terje Nordby er dramatikar, tekstforfattar, musikar og mytolog. Han var Tramteatret sin forfattar. Som dramatikar har han vunnet både nasjonale (Ibsenprisen) og internasjonale priser, og er for tida aktuell med gjendikting av Platons “Sokrates Forsvarstale, spilt av Toralf Maurstad på Nationaltheatret og “Kongeblod” på Akershus Festning til Henning Sommeros musikk. Han har samarbeidd med Anita Skorgan sidan 2013 og skreve alle songtekstane til det siste albumet “La høsten være som den er”.

Dei medverkande er:

Håkon Iversen, bass og kor
Hallgrim Brattberg, gitarar
Terje Nordby, gitar
Anita Skorgan, piano
Rune Børø, lyddesign

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: