Annbjørg Lien & Roger Tallroth

Annbjørg Lien og Roger Tallroth. Fotokilde: Rauma Kulturhus
Annbjørg Lien og Roger Tallroth. Fotokilde: Rauma Kulturhus
Torsdag, 21 november, 2013 klokka 20:00

Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. 

Annbjørg Lien er ein av våre aller største eksportartiklar innan folkemusikk og verdsmusikk. Felespelaren frå Ålesund kryssar musikalske sjangergrenser med den største eleganse. Så er ho då også vaksen opp med ein fot i folkemusikken og ein i den klassiske fiolinmusikken.

Unik svenske

Svenske Roger Tallroth er ein unik «folkemusikk-gitarist». Han er oppfinnsam som få, og hans måte å blanda bassgangar med komp, med- og motstemmer, er eit varemerke. Han har også utvikla sin heilt eigne måte å stemma 12-strengaren sin på, ein måte som etter kvart andre gitaristar verda rundt har plukka opp og no brukar.

Grensesprengjande

Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste. Konserten på Voss vert skipa til i samband med duoen som miniturné i Hardanger.

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: 
Tema: