Anne-Britt Ertresvåg ny gjesteutstillar i nytt gjestegalleri. EogE Fosnavåg laurdag10. august.

Alle rettigheter Anne Britt Ertresvåg.
Laurdag, 10 august, 2013 klokka 10:00
Måndag, 12 august, 2013 klokka 10:00
Tysdag, 13 august, 2013 klokka 10:00
Onsdag, 14 august, 2013 klokka 10:00
Torsdag, 15 august, 2013 klokka 10:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Anne-Britt hadde Karlsen som pikenavn og er oppvokst på Fiskerstranda, Sula. Ho er 49 år, og i dag bosatt på Flisneset, Ålesund, der ho også har eige atelier.
Måling og teikning har alltid vore henna favorittsyssel. Gjennom kurs, både innenlands og utenlands, har ho av etablerte kunstnarar  tilegna seg kunnskap om dei fleste malemedier.

Etter å ha gått 2 år på Ålesund Kunstfagskole (ferdig våren 2012), prøver ho no å  male på heiltid. 
Anne-Britt henta mykje inspirasjon frå den  fantastiske naturen vi har her på Sunnmøre. Oljemåleria henna viser oftast intuitive fjell og kystlandskap. Akvarellane viser nærstudie av andre motiv som ho er fasinert av, her brukar ho eigne foto som inspirasjonskjelde. 
Anne-Britt Ertresvåg har delteke i fleire kollektive utstillingar tidlegare, og var månadens utstiller hjå galleri EogE i mars 2009. Av anerkjennelser har ho  fått antatt målerier i 2 bøker, gitt ut av "Kunst for alle", og kan vise til godt salg gjennom gallerier.  I år har ho i tillegg til denne utstillinga på galleri EogE arbeidd med eit utsmykkingsoppdrag for Revisor Gruppen Møre avd. Ulsteinvik. 

Galleri EogE har flytta til nye større lokaler i Vågsgata 6. No er vi å finne mellom Lied og Blomster og Gaver midt i sentrum. Gjestegalleriet har blitt større og opnare og gallerilokala elles er også opnare med betre oversikt til alle dei flotte bileta og handverksprodukta vi har. Vi har også eit kjellarlokale der ein kan nyte store maleri og foto i fred og ro.
Velkomen til nye EogE i Fosnavåg.

Stad
Galleri EogE
Kommune: 
Kategori: