Anne Kat Hærland

Jakten på Ærligheten. Foto: Enron
Jakten på Ærligheten. Foto: Enron
Torsdag, 19 september, 2013 klokka 19:00

Alt er ikkje så perfekt som du vil ha det til!

Fire år etter premiera på suksessframsyninga «Gift, men ingen fanatiker», er Anne Kat Hærland tilbake med eit heilt nytt soloshow; ein kombinasjon av humorutbrot, raseriutbrot, foredrag, kjendishat, djupt alvor og enda ærlegare. Gløym bonderomantikk, dette er «Jakten på Ærligheten».

Denne gongen vil komikaren minne publikum på at verkelegheita ikkje er som dei glansbilda folk framstiller den som.
«En kan nesten begynne å lure på om alle andre er mer lykkelig. Jeg for min del blir usikker og faktisk lei meg av alle denne «lykken», uttalte ho til Sunnmørsposten i vår.

41-åringen, som vi for alvor blei kjent med gjennom NRK-suksessen «Nytt på Nytt», har opptrådt som stand-up-komiker i fleire år og vunne pris for Beste Stand-up-artist tre gonger, sist i 2009. Hennar raljering på scena har ikkje hindra ho i å underhalde det norske folk gjennom fjernsynet, enten det er som deltakar i konseptet «Typen til», som medprogramleiar i «Lyngbø og Hærlands Big Bang» eller gjennom eigne talkshows, som på TVNorge i vår med «Anne-Kat på TV».

Det blir spanande å sjå om «Jakten på Ærligheten» resulterer i ein fjerde Komipris for Anne-Kat Hærland.

med Anne-Kat. Hærland
Regi: Bjarte Hjelmeland

For gruppe-rabattar, ta kontakt på post@idhuset.no

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: